Stord, Hordaland 25.06.10-28.06.10

Arrangementet Stordfest2010 blei gjennomført 25.06 – 28.06.10 og vart ein gedigen folkefest! Stordfest2010 vart mogleg å gjennomføre grunna ei særs kompetent festivalleiing, uvurderlege frivillige og dugnadspersonell, fantastiske sponsorar og samarbeidspartnarar, og konstruktive tilbakemeldingar frå publikum.

Stordfest2010 gjekk føre seg i Leirvik sentrum og blei eit regionalt arrangement men samstundes unikt i nasjonal samanheng ved at det samla nokre av dei største og vakraste seglskutene i verda i kombinasjon med nasjonale og internasjonale artistar, marknadsplass, tivoli, og eit yrande folkeliv på land.