Marit Larsen
Noregs popdronning, Marit Larsen, er klar med ny plate og konsert på Stord.
Marit Larsen har vore popstjerne sidan tenåra og er den yngste artisten som har vunne norsk artistforbunds ærespris (2009). Ho har turnert inn -og utland i ei årrekke, vunne fleire spelemannsprisar og er rekna som ei av dei aller beste låtskrivarane me har i landet. No kjem Noreg dama med ”Under The Surface”, ”Don’t Save Me” og ”If a Song Could Get Me You” til Stord og Arena.
Etter suksessen med The Chase (2008), listetoppar i Noreg og Tyskland, hundrevis av akustiske versjonar av «If a Song Could Get Me You» på utallege tyske radiostasjonar, langvarige turnéar og fleire festivalar er Marit klart med nytt album som kjem 18. november. Den første singelen «Coming home» har allereie fått strålande kritikkar. Marit forklarer at albumtittelen, Spark, refererar til dei små magiske augneblinka i liva våre som forandrar alt. Første gnist av noko nytt – ei ny byrjing eller byrjinga på ein slutt.
Me er meir enn klar for litt popmagi når Marit Larsen entrar Arena 25. januar!
Dørene opnar kl 20.00.


