Artistar 100DAGAR 2011
Suksessen 100 Dagar er klar for tredje gong. Her er alle årets artistar.
Suksessen 100 Dagar er klar for tredje gong. Denne gongen har nettverksarenaen og spelestaden vakse seg endå større, med band innan alle sjangrar frå Bergen til Stavanger. I fjor var det 25 band og over 500 publikummarar på arrangementet, og i år har nærare 50 band meldt si interesse. Utav desse er det blitt plass til 27 band med over 100 musikarar som skal fylle to scener på to dagar med fantastisk musikk. Det har vore ei dobling av antal påmeldte band for kvar gong 100dagar er blitt arrangert, og den enorme pågangen viser at det er eit behov og ønske om eit felles treffpunkt for band på Vestlandet.
Banda som i år er trukken ut har eit høgt musikalsk nivå og er ambisiøse med musikken sin. 100 Dagar har band i mange sjangrar, og det er godbitar for både rocke-entusiastar, metalheads og for dei som likar melodiøs pop. Banda som er trukken ut er : 1st Delusion, Abzurd, Aina Hatlevik band, Anal Bros, Angels Share, Caligvla’s Sisters, D’AccorD, Dyst, Enchanting Darkness Daven Belfry Band, Frøken Fryd, Gasket, Hogheads, Jetfred, Pictures of Pain, Roger DeLarge, Steinar Hjelmbrekke, Stereobrigade Extravaganza, The Danny Cannon Show, The Vengeance Party, Trekantsam-bandet, Tubesnakes, Twisted Silver, Vidar Vedå, Yearstone, Zeno Morf.
1st Delusion
Eit hardtslåande rockeband frå Stord. www.myspace.com/1stdelusion
Abzurd
Eit ungt, lovande band frå Stord som spelar klassisk heavy-metal.
Aina Hatlevik Band
Singer/songwriter med solid backingband med base i musikkmiljøet på Høgskulen Stord-Haugesund.
Angel’s Share
Bluesrockband frå Bømlo med solid inspirasjon frå gamle gitarheltar som Hendrix, Clapton og Beck.
Bite
Bite har stadig bit i seg og har etter ei rekke konsertar i Norge gjeve ut 2 CD’ar. www.biterock.com
Caligvla’s Sisters
Caligvla’s Sisters er eit storslått rockeband frå rockebygda Etne. http://www.myspace.com/caligvlassisters
D’AccorD
Progrockbandet frå Stord tar essensen frå syttitalet og miksar det i sin eigen unike musikkblanding. http://www.myspace.com/daccordband
Daven Belfry Band
Melodibasert poprock frå Stord. www.davenbelfryband.com
Dyst
Fem pønkekids frå Sotra som elskar å spela hardt. www.myspace.com/dystofficial
Enchanting Darkness
Aggressiv mørk trashmetal frå Stord, som gjorde super-comeback på 100 Dagar i 2010. www.myspace.com/enchantingdark
Frøken Fryd
Knalltøft rockeband med fire jenter frå Stavanger. www.myspace.com/frkenfryd
Gasket
Rockeband frå Stord som leker med pønk og metalsjangeren.
Hogheads
Klassisk metalband som har holdt på i seks år og fremdeles leverer varene. http://www.nrk.no/urort/Artist/HOGHEADS/default.aspx
Jetfred
Poprock med beina godt planta i åttitalet. http://www.jetfred.net
Pictures of Pain
Melodisk metal frå Karmøy kjem med fersk plate «the Reckoning» til 100 Dagar. http://www.picturesofpain.com/
Roger DeLarge
Psykedelisk rock frå Bømlo.
Steinar Hjelmbrekke
Soloprosjekt til bergensaren Steinar Hjelmbrekke, aktuell med debutplata «It’s all out there» http://www.myspace.com/hjelmbrekke
Stereobrigade Extravaganza
Ein rockeeksplosjon frå Stord, med ei rekke konsertar bak seg. www.stereobrigade.com
The Danny Cannon Show
Eit utruleg godt live-band med rockesjel frå Bergen. www.myspace.com/thedannycannonshow
The Vengeance Party
Rockebandet The Vengeance Party med røter frå Stord er endeleg klar for Stord. www.Myspace.com/vengeanceparty
Trekant-Sam Bandet
Countryrock av den gode gamle sorten, til og med frå Sagvåg! www.trekantsam-bandet.com
Tubesnakes
Texas-inspirert bluesrock frå ein gjeng seriøse musikarar med ei solid merittliste. http://tubesnakes.com/
Twisted Silver
Ungt og lovande frå kulturskulen på Stord.
Vidar Vedå
Humoristisk visesong frå Stord.
Yearstone
Zeno Morf
Haugesunds lengstlevande metal-band. No med den beste besetninga dei nokonsinne har hatt. www.Myspace.com/zenomorfband
