Seminar

Seminar for festivalar

Årets fagseminar for festivalar handlar i år om tryggleik og beredskap på store arrangement. 100 Dagar har gjennom Norske Konsertarrangørar fått foredragsholdarar frå festivalen Putte i Parken (Sverige) og Livemusik Sverige, i tillegg til ordføraren i Bergen og tryggleiksansvarleg for Bergen Live. Med andre ord eit solid og godt program med stor nytteverdi for festivalane.

Kva skjer når krisa inntreff din festival? Korleis samarbeider din festival med offentlege etatar og korleis er din kommune førebudd på ei krise?

Ordførar i Bergen Marte Mjøs Persen fortel om beredskapsarbeidet i Bergen Kommune. Marte var leiar i Arbeiderpartiet i Bergen under 22. juli hendinga og fekk med det hovudansvaret for å handtere 22. juli hendinga i Bergen i 2011. Ho kjem for å fortelje om korleis dette gjekk føre seg, kva erfaringar ein har gjort og korleis beredskapen i Bergen kommune endra seg etter dette.

Martin Holmes er tryggleiksansvarleg for Bergen Live og er blant dei i Noreg med mest erfaring på tryggleik ved festivalar. Martin held foredrag for blant anna NUSB/DSB og har laga eit praktisk seminar som tar føre seg korleis ein kan jobbe konkret med tryggleik på festival.

Norske Konsertarrangører presenterer:
Erfaringar frå Sverige; korleis taklar ein seksuell krenkjande åtferd på festival og korleis førebyggjer ein slike hendingar.

Mediebilete frå fjorårets festivalsommar var mykje prega av seksuell krenkjande åtferd ved festivalar i Sverige. Korleis handterte organisasjonen som arrangerte dette og kva læring kan me få i etterkant av slike hendingar? 

niclas_saxinNiclas Lagerstam er festival og konsertarrangør med over 30 år i bransjen. Han er blant anna grunnleggar av Putte i Parken som i 2017 blir arrangert fem ulike stader i Sverige. Niclas brenn for musikk og for at publikum skal ha det bra. I sommar eskalerte det med hendingar med seksuelt krenkjande åtferd og Putte i Parken var ein av festivalane som fekk mest merksemd. Det blei skrive over 1600 artiklar om Putte i Parken og dei alle fleste handla om seksuell krenkjande åtferd. Niclas prata med media 23 dagar i strekk om desse hendingane i både tv, radio og aviser. Niclas veit korleis ein handterer media og korleis ein bør uttrykka seg slik at det ikkje slår tilbake på festivalen og i denne samanheng var det viktig å få fram at den seksuelt krenkjande åtferda er eit samfunnsproblem og ikkje berre eit festivalproblem.

elisabeth_foredragElisabeth Rosenbrand er talsperson for bransjeorganisasjonen Livemusik Sverige og handterer spørsmål rundt seksuelt krenkjande åtferd på festivalar. Sidan 2011 har Elisabeth også arbeida som ansvarleg arrangør og med booking på Musikens Makt – ein festival som har blitt rosa for sitt arbeid med likestilling og for å arbeida med haldningsendringar for å førebyggja seksualbrot.

Seminarprogram for festivalar
Fredag 27. januar

10.00 – 10.30: Oppmøte og registrering. Presentasjon av festivalane.

10.30 – 12.00: Kva skjer når krisa inntreff din festival?
Samarbeid mellom festival og offentlege etatar og tryggleik i praksis.

  • Hovudinnlegg ved ordførar i Bergen, Marte Mjøs Persen
  • Praktisk tryggleiksarbeid ved Martin Holmes, Bergen Live
  • Diskusjon og spørsmål

12.00 – 13.00: Lunsj

13.00 – 14.30: Norske Konsertarrangører presenterer:
Erfaringar frå Sverige; korleis taklar ein seksuell krenkjande åtferd på festival og korleis førebyggjer ein slike hendingar.

  • Innlegg ved Niclas Lagerstam, Putte i Parken
  • Innlegg ved Elisabeth Rosenbrand, Livemusik Sverige
  • Diskusjon og spørsmål

Påmelding til seminaret finn du her.

 

Fagseminar for artistar 

Eit ”must” for alle deltakande artistar! Her får dei høyre og bli kjent med korleis festivalane tenker rundt booking av artistar. Artistane får høve til å presentere seg for festivalane og høyre nyttige historiar tips&triks frå bransjen.

Seminarprogram laurdag 28.01.17 

12.00 – 13.00: Korleis er det å ha sitt levebrød som innleidd profesjonell gitarist?

Tommy Kristiansen er oppvaksen på Dale utanfor Bergen og har dei seinaste 10 åra turnert som gitarist for artistar som bl.a. Kurt Nilsen, Magnet, Marit Larsen og Maria Mena. Han jobbar parallelt med si eiga solokarriere og spelar på 100 Dagar. På denne økta vil han fortelje om korleis det er å ha sitt levebrød som innleidd gitarist for nokre av dei største artistane i Noreg og han gir råd om korleis ein bør gå fram som ”freelance” musikar.

13.00 – 14.15: Festivalane møter artistane: Korleis få spelejobb på festival?

Beslutningstakande festivalleiarar deler erfaringar og tips i møte med deltakande artistar. Denne økta er obligatorisk for alle artistar med ambisjonar om å kome seg ut frå øvingslokale og ut på festivalscenane. Det blir opna for spørsmål frå artistane/publikum. Etter spørjerunde vert det høve til å møte festivalane direkte.