Meir om 100 DAGAR

100 Dagar er ei showcase og ein møtestad for artistar frå vestlandsregionen. Det er også eit møtepunkt for festivalar på sør-vestlandet. 100 Dagar innheld også seminar og føredrag for festivalar, musikarar og næringsliv.

Namnet kjem frå at det starta som eit nedteljingsarrangement 100 dagar før festivalen Stordfest2007, der 16 lokale band fekk vise seg fram, og der eit par av banda fekk spelejobb på sumarfestivalen Stordfest2007. Sidan 2007 har namnet blitt så etablert blant musikarar og festivalleiarar at me har valt å halde på det. Festival og musikartreffet går føre seg i januar – februar og er ein nettverksarena for festivalleiarar og musikarar frå heile vestlandet. Lokaliseringa på Stord har vist seg vera utmerka for eit slikt arrangement, ved at det ligg midt i mellom Bergen og Stavanger, og har lett tilkomst frå dei fleste stadane på Vestlandet.

Banda som ynskjer å spele må melde seg på via digitale påmeldingsskjema. Om lag tjue band blir plukka ut og får høve til å spele 30 minutts showcaser på to scenar over to dagar for eit større publikum, samt at deltakande band får høve til å spele for, og ha møte med, festivalleiarar frå Vestlandet. Det blir sett opp eit fagleg og sosialt program både for festivalleiarar og musikarar.  Me nyttar to scenar i same bygg til både konsertar og føredrag. Namnet på konsertscenane er Den Blå Time (150 kap) og Arena (400 kapasitet)

Formål med 100 Dagar

  • Gi publikum ny og lovande kvalitetsmusikk frå ambisiøse musikarar frå Vestlandet til ein særs billeg inngangsbillett
  • Gi ambisiøse musikarar sjansen til å spele for eit større publikum, samt spele for og ha direkte møter med dei ulike festivalleiarane som er tilstades
  • Skape eit enno betre nettverk mellom festivalleirar på Vestlandet og bl.a. skapa grobotn for erfaringsutveksling og samarbeid om felles leverandørar etc. Samstundes bidra til å skape respekt og omsyn mellom dei ulike festivalane. Festivalleiarane er med og plukkar ut påmeldte band som dei ynskjer å høyre på arrangementet
  • Skal vera med stimulere til eit enno betre og meir profesjonelt musikkmiljø på Vestlandet. Dei ulike festivalane bli bedne om å halde av eit par spottar på sine komande sumarfestivalar, slik at band som uthevar seg under 100dagar festivalen vil få spelejobb på ein eller fleire av sumarens festivalar.

100 Dagar i 2007

  • 16 band frå Stord, Bømlo fekk spela på to scenar over to dagar
  • Ideen om å inkludere festivalleiarane i regionen var ikkje kome på i 2007, men to band fekk spelejobb på Stordfest2007 (siste helga i juni same året)
  • Musikarane og publikum fekk føredrag med bl.a. Geir Luedy (Your Favourite Music) og Einar Engelstad (musikkmeldar i BT)
  • Ca 300 besøkande publikummarar

100 Dagar i 2010

  • 25 band av 38 påmeldte får spela på to scenar. Banda kjem frå bla: Stord, Tysnes, Bømlo, Bergen, Stavanger, Kvinnherad,
  • Festivalleiarane som er tilstades heile helga kjem frå: Skånevik Bluesfestival, Festidalen, Tysnesfest, Etnemarknaden, Øyo og Stordfest
  • Festivalleiarane har fagleg program med bla. Festivalforskar Lennart Fjell og Sveinung Sundli Sveinung Sundli (Gåte; Storås, med meir)
  • Musikarar og publikum får føredrag ved Frøydis Moberg (den gong dagleg leiar i Brak) og Sveinung Sundli (Gåte; Storås, med meir)
  • Resulterer i at fire band får totalt fem spelejobbar på sumarfestivalane Tysnesfest og Stordfest
  • Ca 500 besøkande

100 Dagar i 2011

  • 28 band av 48 påmeldte får spela på to scenar over to dagar. Av desse banda er 14 band frå Stord, 4 band frå Bergen, 1 band frå Haugesund, 1 band frå Stavanger, 1 band frå Etne, 1 band frå Fitjar, 1 band frå Sveio (Bjørn Berge)
  • Festivalleiarar som er tilstades heile helga kjem frå: Periferifestivalen, Vikedal Rootsfestival, Etnemarknaden, Tysnesfest, Skånevik Bluesfestival, Stordfest, Øyo, med fleire
  • Fagleg program for festivalar og musikarar med bl.a. Jørgen Skauge (dagleg leiar BRAK), Stein Bjelland (Great Moments, med meir), Bylent Smakiki (Mastergradsstudent i crowd management), Vassdal og Eriksen med kurs for festivalleiarar, med meir
  • ca 500 besøkande

100 Dagar i 2012

  • Behov for auka kvalitet på banda og mindre antal konsertar gjer at me plukkar ut 21 band av over 60 påmelde band får spela på to scenar over to dagar. Bl.a. 8 band frå Stord, 1 band frå Øystese, 1 band frå Førde, 5 band frå Stavanger, 2 band frå Bergen, 1 band frå Bømlo
  • 16 ulike festivalleiarar samlast: Nordic Music Week (Stavanger), Musikkfest (Stavanger), The Tall Ships Races 2014 Bergen, Bygdalarm, Fonnafest, Handverksmessa i Jondal, Periferifestivalen (måtte melde avbod), Vikedal Rootsfestival, Etnemarknaden, Tysnesfest, Skånevik Bluesfestival, Stordfest, Øyo, Fabrikken2012 (Huglo), Fitjarfestivalen, Studentveka i Sogndal
  • Innlegg for både festivalar og musikarar ved Toffen Gunnulfsen
  • På laurdagen får alle musikarane møte festivalleiarane til innlegg og diskusjon, ”meet and greet”
  • Me får starta eit samarbeid med Toffen der to av banda som spelar på 100dagar får festivaljobb på sumarens Hovefestival. Desse banda blir bestemt ved avstemming blant deltakande festivalleiarar
  • 100dagar i 2012 er direkte medverkande til følgjande 12 festivaljobbar for sumaren i 2012:
    • Supermale: Hovefestivalen, Bygdalarm, Festidalen, Fabrikken på Huglo
    • Brighton: Tysnesfest
    • D’AccorD: Hovefestivalen, Musikkfest Stavanger
    • 1st Delusion: Musikkfest Stavanger
    • Daven Belfry Band: Musikkfest Stavanger
    • Grandma’s Tea Party: Tysnesfest
    • Evolver: Fabrikken på Huglo
    • Thea Hjelmeland: Fabrikken på Huglo

    100 Dagar i 2013

    • 20 band av over 60 påmelde band fekk spela på to scenar over to dagar. Band frå Stord, Odda, Haugesund, Bergen og Stavanger stod på scenen i tillegg til showcases frå Sykur (IS) og Eva & the Heartmaker
    • 13 ulike festivalar samlast: Nordic Music Week (Stavanger), Musikkfest (Stavanger), The Tall Ships Races 2014 Bergen, Fonnafest, Handverksmessa i Jondal, Periferifestivalen, Vikedal Rootsfestival, Etnemarknaden, Tysnesfest, Skånevik Bluesfestival, Stordfest, Øyo, Fitjarfestivalen
    • Innlegg for både festivalar og musikarar ved Toffen Gunnulfsen, Norsk Kulturråd
    • Eit band vart plukka ut til Hovefestivalen.
    • Manøver – møtestad for kunst- og kulturfeltet i vestlandsregionen vart skipa i tilknytning til 100 Dagar.
    • Vestlandssatsinga vart gjennomført for første gong med Yuma Sun som den store vinnaren av spelejobbar på 6 forskjellige festivalar.

    100 Dagar i 2014

    • 20 band av 75 påmeldte band fekk spela på to scenar over to dagar. Band frå Stord, Odda, Haugesund, Bergen og Stavanger stod på scena.
    • 15 ulike festivalar samlast: Vossajazz, Osfest, Festspillene i Bergen, Nordic Music Week (Stavanger), Musikkfest (Stavanger), The Tall Ships Races 2014 Bergen, Fonnafest, Handverksmessa i Jondal, Periferifestivalen, Vikedal Rootsfestival, Etnemarknaden, Tysnesfest, Skånevik Bluesfestival, Stordfest, Øyo, Fitjarfestivalen
    • Innlegg for både festivalar og musikarar ved Toffen Gunnulfsen, Norsk Kulturråd, Bergen Kommune,
    • Workshop for musikarar av Brak og Star.
    • Paneldebatt med Bergen Kommune, Stord Stord Kommune og Samarbeidsrådet for Sunnhordland- Kultur som næringspolitikk
    • Vinnar av Vestlandssatsinga var Tiebreaker som fikk spelejobbar på 7 forskjellige festivalar.