Artistar

Artistar 100 Dagar 2017

Sjekk ut alle artistane på spelelista vår på Spotify.

Folty Loft

Folty Loft er eit lovande band som viste sine kvalitetar då dei vann Lambasleppet under årets Festidalen, der premien var speletid på 100 Dagar. Folty Loft er eit ambisiøst band som spelar melodiøs popmusikk med nikk tilbake til sine inspirasjonskjelder og samtidig eit personleg sound.

Undergrünnen

Undergrünnen, frå Haugesund, består av musikarar med lang fartstid i bransjen som no har danna ein powertrio som allereie har rukke å bli nominert for beste rockealbum for si første plate.

 

Tommy Kristiansen

Kristiansen frå Dale utanfor Bergen er ein musikar som har turnert land og strand som backingmusiker for blant anna Kurt Nilsen, Magnet, Marit Larsen og Maria Mena. No har han også fått vise sine fantastiske låtskrivar-egenskaper på albumet som kom tidlegare i år.

 

Hear Me Roar

Hear Me Roar har hatt ein særs hektisk og imponerande turnésommar, Vestlandssatsinga gav 13 spelejobbar på ulike festivalar, og den rocka melankolikeren har fått ein stor tilhengarskare og signert avtale med TimeOut Agency.

 

Vossa Rebels

Vossa Rebels

Vossa Rebels har trass i ung alder, ei lang liste høgdepunkt frå ei innhaldsrik karriere. Med snart sju år som band har gjengen i Vossa Rebels, som endå ikkje har vorte myndige, gjort seg bemerka på Norske Talenter, spela på Øyafestivalen, og vore innom det meste av små og store festivalar.

Boy Pablo

Boy Pablo er ei ny unik stemme med eit vanvittig sterkt låtmateriale i sentrum av sitt popunivers. Nominert til Årets Urørt i NRKP3 og klar for Bergenfest har den unge artisten og bandet ein spennande vår foran seg. Men først skal dei altså trollbinde publikummet på 100 Dagar.

Dreamarcher

dreamarcher

Dreamarcher kjem frå Hardangerfjorden og Odda, og nett det er ein fin metafor på musikken dei spelar. Tidvis vakkert og majestetisk, tidvis mørkt, industrielt og tungt. Bandet sitt debutalbum kom ut i haust og har hausta lovord frå ein drøss med magasin og nettstader. 

Howlin Sun

Howlin SunEit rått liveshow, energisk gitardreven rock og 60-tals bluesrock som høyres moderne ut. Howlin Sun har knekt koden som virkar så enkel, men er så vanskeleg å få til på ein god måte. Me er i alle fall vilt begeistra og gler oss enormt til debutalbumet som kjem våren 2017.

Sassy Kraimspri

Saissy KraimspriMed lang fartstid i punkrocken har Sassy Kraimspri på ny noko spennande på gong. Nye låtar er under innspeling og Stavangerbandet har alltid rakettfart mot stjernene når dei set i gong. Dette er fuzzy, breialt, grungy, punkete og ikkje minst gøy!

Novocaine

NovocaineDet blir plateslepp på 100 Dagar når Novocaine slepp laus si siste plate. Me har fått tjuvlytta og her er det berre å gle seg til mørke, djupe riff med sterke melodiar. Novocaine kan lett bli ditt nye favorittband.