100 DAGAR
30 band, to scener, to dagar – den største musikkmønstringa på Stord!
Velkommen til festival og musikartreffet 100DAGAR
Større og betre festival og musikkbransjetreff enn nokonsinne!
Festival og musikkbransjetreffet «100DAGAR» vert arrangert 23.- 24. mars, 2012. 100dagar er ein nettverksarena for festivalleiarar på Vestlandet, og samstundes eit knutepunkt for ambisiøse musikarar frå Vestlandet som får høve til å spele showcaser for eit større publikum og for bransjefolk. Arrangementet i 2012 blir det fjerde i sitt slag og det har vore ei gradvis auke, både i popularitet og kvalitet blant deltakande band. I 2011 var det over 50 påmeldingar frå band frå heile Vestlandet som ville spela. Utav desse var det 28 band som fekk spela på to scenar over to dagar, og fekk vist seg fram for festivalleiarar for bl.a. Periferifestivalen, Skånevik Bluesfestival, Tysnesfest, Etnemarknaden, Vikedal Rootsfestival, Øyo og Stordfest.
Betre artistar og større arrangement i 2012
Eit av formåla med 100dagar er å stimulere til eit enno betre og meir profesjonalisert musikkmiljø på Vestlandet. I 2012 vil difor også fleire av dei deltakande festivalleiarane (bl.a. Skånevik Bluesfestival, Vikedal Roots festival, Tysnesfest, Stordfest, m. fl) vera med og velje ut dei beste artistane som får høve til å spele. Påmeldinga for band som ynskjer å spela opnar den 19.12.11 og fristen for påmelding går ut den 01.02.12. Det vil bli lagt stor vekt på ambisjonane til artistane, noko dei også må tydeleggjera ved påmelding. Under arrangementet vil det vera fleire beslutningstakande festivalleiarar. Dersom det er artistar som utmerkar seg vil det opne for muligheiter til å få ein eller fleire festivaljobbar sumaren 2012.
Billett kun kr. 200,- kvar kveld! Kan kjøpast på Billettservice, Posten, Narvesen eller i døra.
Program
Fredag 23.03
TBA
Laurdag 24.03
TBA
